Prosjektleiar berekraft i Hallingdal
1 til 2-årig vikariat i 100 %. Snarleg tilsetting
Me søkjer ein prosjektleiar som kan bidra til å redusere klimagassutslepp og fremme omstilling til eit lågutsleppssamfunn gjennom arbeid med sirkulær økonomi og berekraftig forbruk. Målet med prosjektet er å redusere forbruket og auke ombruk ved å legge til rette for at kommunar arbeider meir systematisk med berekraftig forbruk og at fleire klimatiltak blir gjennomførte lokalt og gjennom å utvikle kommunikasjon og informasjon som synleggjer sirkulære aktørar og aktivitetar
Arbeidsoppgåver
- Tett samarbeid med Kommunenettverk for klimaomstilling, som består av 24 kommunar i Akershus, Buskerud og Innlandet (ca. 761 500 innbyggjarar)
- Bidra til gjennomføring av felles prosjekt som styrker klimaarbeidet i kommunane
- Utvikle og formidle kunnskap om berekraftig forbruk, ombruk og deling
- Følgje opp og vidareutvikle Sirkulærkartet – eit digitalt verktøy som synleggjer aktørar innan ombruk, reparasjon og delingstenester – og sikre langsiktig drift av dette
Kva betyr dette for deg?
- Du jobbar i Hallingdal, men for alle dei tre fylkene som tilhøyrde gamle Viken
- Du får tilgang på fleire lokale og regionale fagnettverk som jobbar med sirkulærøkonomi
- Du har stor fleksibilitet til å påverke eigen arbeidsdag
- Me har kontorplass både på Torpomoen i Ål kommune, men kan vera fleksibel på dette innanfor Hallingdal sine grenser
Kvalifikasjonskrav
- Du har eit sterkt klima og miljøengasjement
- Du forstår kva sirkulærøkonomi er, og har relevant utdanning eller kompetanse innan sirkulærøkonomi
- Det er ein fordel om du har prosjektleiarutdanning eller erfaring frå prosjektleiing
- Du har gode samarbeidsevne og likar å jobbe i team
- Du jobbar sjølvstendig mot mål som er fastsett i prosjektet
Kontaktinfo:
Eventuelle spørsmål om stillinga kan rettast til: Jan Olav Helling - tlf. 99287897
Søknad på e-post til joh@hallingdal.no
Søknadsfrist: 04.06.2026